Faren, og fleire i familien døydde tidleg. Sigbjørn var berre 8 år då far hans døydde. For å halde seg i form, slik at han ville ha sjanse for å leve lenger, begynte han å sykle. Etter kvart deltok han i fleire lengre sykkelritt. Det er difor ekstra tragisk at det var dette som enda livet hans.
Sigbjørn begynte med speiding, ski, fotball og skyting. Mange turar til hytta på Rafdal blei brukt som utgangspunkt for jakt, fiske og ski. Der blei det ofte spelt kort, noko som fekk han interessert i Bridge.
Han var i mange år ein ivrig bridgespelar. Han vart etter kvart ein kjend person i bridgemiljøet, og hadde vener og kjende overalt.
Sigbjørn tok bridgen på alvor. Han kunne systemet sitt, og bygde det ut etter kvart som han meinte at han og makkeren fekk bruk for meir nøyaktige konvensjonar. Han var ein solid speleførar som hadde god oversikt over det som skjedde ved bordet. Og Sigbjørn hadde temperament ! Det kunne heile salen høyre, viss han sjølv eller makker gjorde ein feil.
I mange år var Sigbjørn ein del av styret i Etne Bridgeklubb, fleire av dei som leiar. Han var ein god organisator, og gjorde ein god jobb som leiar. Då interessa for bridge i Etne blei for lita, og klubben slo seg saman med Ølen Bridgeklubb, vart han med i styret der og.
Etter som ungane blei fleire og vaks til, ville han bruka meir av fritida si på dei. Difor trappa han for eit par år sidan ned tida han brukte på bridge.
Sigbjørn var ein sosial og inkluderande person, både internt i klubben og ellers. Hans omtanke for andre var stor, og han behandla alle likt. Me sit att med mange gode minne om Sigbjørn, og me er svært takknemlege for at me fekk bli kjende med han.
Tankane våre går no til kona hans, Kari Anne, sønene Steffen og Albert, dottera Johanna, og til Sigbjørn sin øvrige familie. De skal vita at heile bridgemiljøet sørgjer over Sigbjørn sin bortgang.
Me lyser fred over Sigbjørn Rafdal sitt minne.
For Ølen Bridgeklubb
Einar Per Salmo