Det har vore litt vanskeleg å koma igang med spelinga til fastsett tid, 17.30. Folk har gjerne kome "dillande" både 10 og 15 min over tida.Eit problem har det og vore at enkelte møter opp utan klar avtale med makkeren sin om å spela, noko som endar med hektisk ringing til potensielle makkkerar, medan tida tikkar og går. Me må få orden på dette, og fastset at spelinga skal starta kl 18.00 presis. Men møt gjerne opp eit kvarter på førehand, og hjelp til med tilrigging slik at alt er klart når klokka slår 6. Og ta ein telefon til makker i god tid for å forvissa deg om at han kjem. Kan han ikkje, så prøv å få deg reserve, ikkje berre stol på at andre ordnar opp for deg.