På årsmøtet vart det diskutert mogelege tiltak som kan vera med å auka deltakinga på klubbkveldane. Eitt problem som vart teke opp var at om ein spelar er forhindra ein kveld, vert makkeren gjerne sitjande heime avdi han ikkje bryr seg med å møta opp "på måfå" . Solveig tilbyr seg å vera "kontaktsentral" som folk kan venda seg til om dei manglar makker ein kveld. Skal dette fungera godt, er det nødvendig at alle melder frå til Solveig på tlf 930 34 975 så snart dei vert klar over at dei er makkerlause. Men det er og nødvendig at erfarne, og i eigne auge gode spelarar er villige til å spela ein og annan kveld med makkerar som ikkje er komne fullt så langt. Det kan vera lærerikt for dei urøynde, og vera med på å heva standarden etter kvart