Det er på tide å betala medlemskontingenten for 2013. Etter at bridgetinget sette ned kontingenten til forbundet, har styret vedteke å berre kreva 300 kr frå kvar standardmedlem. Dette dekkar omlag det klubben må betala til forbund og krets. Kontingenten kan betalast til kasseraren dei to neste spelekveldane (11.12 og 18.12), eller sendast klubben sin bankkonto nr 3658.44.42896. Frist for betaling er 20.12. Dei som ikkje har betalt innan fristen vil bli strokne som medlemer av Odda Bridgeklubb i 2013.